15.2. Alien Glow

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2413 $ 2007-11-12 KoSt

15.2.1. Oversyn

Figur 15.290. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Alien Glow”


Filteret lagar eit nifs glød rundt alfakanalen i det aktive laget.

[Advarsel] Advarsel

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret er utvikla frå skriptet “Alien Glow” (Utvidingar → Logo → Alien Glow i verktøykassa) som lagar følgjande teksteffekt:

Script-Fu-skriptet “Allien Glow”.

Dette er lett å reprodusera:

  • Dersom det er nødvendig, opprett eit utval frå alfakanalen av det aktive laget.

  • Fyll utvalet med følgjande fargeovergang med blandeverktøyet sett til: Form = Forma (sfærisk); Fargeovergang = FG til BG (RGB), med FG = mørkgrå (79,79,79), BG = svart.

  • Opprett eit nytt lag (“Alien Glow”) nedanfor. Utvid utvalet lite grann, lag fjørkantar på det og fyll det med glødfarge.

  • Opprett ein ny bakgrunn fylt med svart.

15.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via Filter → Alfa til logo → Alien Glow

15.2.3. Innstillingar

Figur 15.291. Innstillingar for filteret “Alien Glow”

Innstillingar for filteret Alien Glow

Glødstorleik (pikslar * 4)

Dette er eigenleg skriftstorleiken brukt i Script-Fu-skriptet “Alien Glow”, men verdien her blir også brukt til å bestemme to andre verdiar. Gløden blir forstørra med “gødstorleik” / 30 og radius i fjørkanten blir sett til “gødstorleik” / 4. Ut frå dette kan det vere greitt å bruke høgda på objektet som glødstorleik.

Glødfarge

Dette er fargen på den “nifse” glødinga. Forvalet er sett til grøn (63,252,0), men du kan sjølvsagt forandre fargen ved å klikke i fargeruta.